Ope brev til Tekna

8 april, 2010

Nyleg uttalte leiinga i fagforeninga Tekna at dei støtta innføring av datalagringsdirektivet i Noreg [PDF]. Eg kan ikkje hugsa å ha blitt spurt om mi meining i denne saka, og har heller ikkje høyrt at andre Tekna-medlem har fått høve til å uttala seg.

Datalagringsdirektivet inneber etter mi meining eit alvorleg overtramp av personvernet. Meir spesifikt kan det leia til svekking av kjelde-/varslarvernet (sjå m.a. Jon Wessel-Aas om dette) i tillegg til at innsamla data alltid kan misbrukast ulovleg; ingen system er perfekte. Sjølv medlemsbladet til Tekna kallar direktivet «farleg og ubrukeleg».

Eg kan ikkje vera medlem av ei fagforening som tek vedtak om ei såpass viktig sak utan ein meir demokratisk prosess. Om ikkje støtta blir trekt tilbake innan høringsfristen 12/4 2010 ser eg meg nøydt til å melda meg ut.

mvh,
Kevin Brubeck Unhammer

masterstudent i datalingvistikk og språkteknologi
Universitetet i Bergen

2 Responses to “Ope brev til Tekna”


  1. Bra at folk kjem på banen og viser sin misnøye. Ikkje berre vedtaket sjølv, men heile prosessen rundt stinkar. Ein ville jo tru at ein fagforeining brydde seg om medlemane sine istaden for å halde lukka møter om ein så kontroversiell sak. Ifølge leiaren er det jo viktig å meine noko. Om det har støtte i medlemsmassen er ikkje så viktig.

  2. Kevin Says:

    Vips var eg NITO-medlem.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

%d bloggers like this: