Hei der,
dette er bloggen til Kevin Brubeck Unhammer. Viss du vil ta kontakt kan du leggja igjen ei melding med skjemaet under, eller senda epost til etternamnet mitt @fsfe.org.
Eg har tidlegare teke ein master i datalingvistikk og språkteknologi ved UiB, ei side med skuleoppgåver og liknande finst enn så lenge på http://folk.uib.no/kun041.
Dei programmeringsrelaterte aktivitetane mine dukkar opp på profilane mine på Ohloh, Apertium-wikien og Github, elles kjem det ofte små notisar frå meg på mikrobloggen min.