Nokre skuggar
3 februar, 2009
Eg har våre oppteke i det siste med å flikka på den nye[1] bloggen til vennen sin, nemleg http://skuggar.blogg.no/. På nynorsk, og greier. Anbefales[2].
<nerding>
Eg har i prossessen oppdaga at Opera Dragonfly er eit heilt fantastisk lite verktøy for webutvikling; det er så lett å berre opna DOM-treet og t.d. legge til ein pixel i CSS-en her eller fjerna ei node der, eller debugga JS om du skulle ha bruk for det.
Før i tida (dvs. rundt år Web 1.0) kunne ein oftast sjå korleis ei anna sida var laga med «Vis kjeldekode». Med dei nye, samansette webteknologiane blei det vanskelegare å lesa kjeldekoden til ei side som nokon andre hadde laga, sjølvsagt au pga. tjenersideskripting, men au sidan skriptinga fjerna nodar og la til i hytt og pine. Vel, «if you use DOM Scripting to alter the DOM [...] Opera Dragonfly allows you to inspect the updated DOM and all its properties.» Tracing for nettsider, rett og slett. Dette ser veldig lovande ut, og enno er det berre i ein alfaversjon.
</nerding>