Grunnen til at såkalla «løgndetektorar» enno er i bruk.

cover på American Phrenological Journal

For to-tre hundre år sidan var det alment kjent at ein kunne sjå om nokon var kriminelle ved å undersøkja beinstrukturen til hovuda deira. Eg er ganske sikker på at dei fleste ikkje lenger trur på dette (eg vonar iallfall at dei som har makt til å dømme folk ikkje lenger trur på dette). Likevel, det er noko forførande med tanken på å kunne «oppdaga» kriminelle med objektive og eintydige måleinstrument. Kanskje er dette grunnen til at folk enno trur at polygrafen kan avdekkja løgner.

bilete av polygraf

For ikkje lenge sidan skreiv forskarane Eriksson og Lacerda artikkelen «Charlatanry in forensic speech science: A problem to be taken seriously» kor dei undersøkte to typar stemmebaserte «stressdetektorar» utvikla av Nemesysco, meint for å gi svar på om den mistenkte lyg eller ikkje. Resultatet:

these machines perform at chance level when tested for reliability. Given such results and the absence of scientific support for the underlying principles it is justified to view the use of these machines as charlatanry and we argue that there are serious ethical and security reasons to demand that responsible authorities and institutions should not get involved in such practices.

Merk: chance level. Altså, du kunne like godt kasta for kron eller mynt. Eller fikla rundt på hovudbunnen til din mistenkte.

Men dette er eigentleg greitt nok, me reknar med at vitskapen skal kunne gi svar på om slike ting eigentleg fungerer som me trur dei gjer.

Problemet kom når Nemesysco trua forskarane med søksmål: «the researchers may be sued for libel if they continue to write on this subject in the future», og forlaget blei tvinga til å fjerna artikkelen frå publikasjonen og nettsidene. Kvalmande, rett og slett.

Men, om me ser på den lyse sida synest det som at Streisand-verknaden speler inn, og at alt oppstyret rundt skremselstaktikkane til Nemesysco gjer at fleire faktisk blir opplyst om det faktum at «løgndetektoren» ikkje finst.

For interesserte, her er Eriksson & Lacerda-artikkelen på scribd, du finn au ein torrent med pdf-en.

One thought on “Grunnen til at såkalla «løgndetektorar» enno er i bruk.

  1. Argh

    Jævla mennesker. Hva er greia med å måtte forstå og forklare alt,- og heller slå seg til ro med en åpenbar gal forklaring istedet for å innrømme at en er blind?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s