Photoshopping i Gimp (ei omtale)

Eg kom just over ein svært detaljert og lærerik gjennomgang av Gimp 2.6.4 i Ars Technica; det som er litt kult med denne er at forfattaren, Dave Girard, har jobba mange år i design- og trykkebransjen. Artikkelen er frå januar 2009, Gimp 2.8 kjem jo snart ut (med nytt brukargrensesnitt, laggrupper, mm.) så det er kanskje noko der som er utdatert, men det er interessant å sjå samanlikninga mellom Gimp og Photoshop. Det er sjølvsagt ikkje ei helt rettferdig samanlikning sidan Gimp ikkje er meint å vera ein Photoshop-klone, men på visse punkt (t.d. spesifikke funksjonar, filter og tillegg) går det an å stilla det eine opp mot det andre.

På den positive sida skryt Ars Technica veldig av støyfjerningstillegget GREYCstoration (no innlemma i tilleggspakken GMIC), som er på linje med Noise Ninja; «and hopefully Adobe will take notice that a free program destroys their rather useless Reduce Noise plug-in». Bokeh-uskjerping i Gimp krev at ein lastar ned Focus Blur, men Uskarp-maske er «a capable, professional-quality tool». Fjerning av raude auge, kurver/fargenivå, kanalmiksing og selektivt gaussisk blur fekk bra kritikk, det same gjeld verktøy for 3D-teksturar.

Det er sjølvsagt ein del negative punkt au. Endringar i pikselbaserte penslar blir ikkje lagra (så ein må gjere same endring ved kvar oppstart…). Fargeprofilar er som i Photoshop og fungerer bra, men det er ingen automatisk konvertering når du limer inn frå eit bilete med ein annan fargeprofil, så du må sjølv konvertere kjeldebiletet først (dette er noko det frie teikneprogrammet Krita har hatt ein stund). Biletkart for nettsider er au ganske tungvint i Gimp. Hårmasking – dvs. å lage eit utval som inneheld berre håret til ein person – krev mykje meir arbeid enn å køyre pluginen Fluid Mask i Photoshop, men sidan Gimp kan køyra Photoshop-plugins burde vel det gå an der au? I tillegg er brukargrensesnittet til Gimp svært dårleg ikkje 100% integrert i Mac OS X (men sjå Gimp on OS X) i forhold til på GNU/Linux-system (til gjengjeld er ikkje Photoshop heilt knirkefritt på GNU/Linux…).

Derimot var forfattaren svært imponert over rasterisering av vektorgrafikk frå t.d. Illustrator og InDesign i Gimp. Han nemner au UFRaw, eit «mørkeromsprogram» for å endra på fotografi i råformat som er integrert med Gimp.

Eit par punkt har blitt retta på etter at artikkelen blei skriven. T.d. kjem penslar til å få ein god del nye funksjonar i 2.8; i tillegg kan ein no laga HDR-bilete i Gimp med Qtpfsgui (om ein overlever namnet på programmet =P), og der ein før var nøydt til å køyra Krita eller CinePaint (ein fjern slektning av Gimp) er Gimp no på god veg til å fullt ut takle 16- og 32-bitsbilete, HDR og CMYK.

http://bloggurat.net/minblogg/registrere/83e65dc2ef535820d49271e5877d45afc45f1956

2 thoughts on “Photoshopping i Gimp (ei omtale)

  1. Damn. Har du gått hen og fått peiling på bilderedigering også nå? Alt som kan nerdes på skal nerdes til det ikke mere nerdes kan? (Eller noe i den duren.) Finingen.
    😛

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s