«Lemurbataljonen

Samisk på norsk

Eg har ein heilt fantastisk sommarjobb. Eg samarbeider for tida med folk frå Apertium og Sámi Giellatekno (det samiske språkteknologiprosjektet ved UiT) for å få til maskinomsetjing frå nordsamisk til bokmål.

Oppdatering: utviklingsversjonen kan no testast frå sidene til Giellatekno.

Dette er litt meir krevande enn nynorsk-bokmål1… viss me hadde teikna eit kart der språk som likna på kvarandre sto nær kvarandre, kunne me fått noko slikt:

Altså er det litt forskjell på språka. No finst det sjølvsagt ein del språklege lån mellom norsk og samisk, men dei har heilt forskjellige språkfamilier og historie. Eit par døme på forskjellar:

For å ha det sagt: eg kan ikkje samisk. Det har tydelegvis skjedd ein glipp i utdanninga mi. Men eg har god hjelp frå dei fantastiske tri binda med LÆREBOK I LAPPISK (SAMISK) frå 19262 (og ein litt nyare grammatikk), i tillegg til at språkteknologane ved UiT allereie har gjort størsteparten av det arbeidet som krev skikkeleg samiskkunnskap. Min jobb er hovudsakleg å laga reglar som gjer ferdig analysert samisk tekst om til forståeleg bokmål.

Omsetjing mellom så ulike språk gir svært mange utfordringar. Me har i første omgang berre satsa på samisk til bokmål, og ventar med andre retninga. Me vil at maskinomsetjinga skal vere nyttig og formålstenleg, og då er det best å byrja med samisk til bokmål. Dei to vanlegaste formåla med automatisk omsetjing er:

  1. assimilering: maskinomsetjinga skal vera god nok til at ein kan forstå omsetjinga sjølv om ein ikkje forstår originalspråket
  2. disseminering: maskinomsetjing skal vera god nok til at ein omsetjar (som altså forstår begge språk) heller vil rette på maskinomsetjinga enn å skriva omsetjinga frå botnen av

Når folk nyttar maskinomsetjing frå eit majoritetsspråk til eit minoritetsspråk innanfor eit samfunn (t.d. bokmål til samisk, bokmål til nynorsk), er det sjeldan sånn at dei som har minoritetsspråket som morsmål ikkje forstår majoritetsspråket og lurer på kva det står i originalteksta; maskinomsetjing frå bokmål til samisk blir først nyttig når omsetjinga er god nok til at ho med minimalt etterarbeid blir klar for utgjeving. Andre vegen, derimot, er det nyttig med ei omsetjing som berre gir eit oversyn over innhaldet i originalteksta, utan å vera så bra at ein profesjonell omsetjar ville nytta ho som grunnlag. Så målet for no er at viss du t.d. søkjer etter namnet ditt og finn ein blogg på samisk som snakkar om deg3, så skal du kunne køyra dette innlegget gjennom Apertium og finne ut om det dei sa om deg var bra eller dårleg 😉

Men sjølv om me tillèt dårleg flyt i bokmålen, må me sjølvsagt ha noko å omsetja alle dei ulike verbformene og avleiingane til, og me må unngå å mista eller forvrenga viktig informasjon. Det er mange utfordringar i dette språkparet, men heldigvis har sjølve Apertium-plattforma fått ein del nye verktøy å takla utfordringane med. Men det får eg spara til eit seinare innlegg.

Fotnotar:

1 Ja, samisk til nynorsk hadde vore endå litt kulare, men me må jo spara noko til seinare 🙂

2 Vel, i nytt, men uendra, opplag frå 1977. I forordet står det at namnet på boka blei fastslått i 1922, «da trykningen begynte», og lappisk enno var det mest kjende namnet (det tok fire år å få trykka boka… ting tok tid før).

3 For skuld argumentet kan me lata som om det skortar på litt grunnleggande danning og du ikkje kan lese samisk.