Konverter OpenOffice-dokument til LyX / LaTeX utan å mista Zotero-referansar

Det finst allereie eit program som konverterer OpenOffice-dokument til LaTeX, Writer2LaTeX, dette kan ein igjen opne i LaTeX-redigeringsprogrammet LyX. Men viss du har Zotero-referansar i dette OpenOffice-dokumentet, vil dei bli konvertert til «rein tekst» slik at litteraturlista til slutt ikkje viser kva du har sitert i teksta.

Difor endra eg litt på Writer2LaTeX slik at Zotero-referansar blir gjort om til skikkelege BibTeX-siteringskommandoar, av typen \cite{nøkkel} kor nøkkel viser til eit verk i BibTeX-databasen din.

Men så må me jo au ha ein BibTeX-database som inneheld det nøklane refererer til. Zotero kan allereie eksportere til BibTeX, med nøklar som ser ut som forfattar_tittel_år (t.d. kierkegaard_sygdommen_2007). Dette ville vore heilt tilstrekkeleg i andre samanhengar, men siteringane i OpenOffice-dokumentet har dessverre ikkje nok informasjon i seg til å finna desse nøklane; det dei har i staden er ein ganske uleseleg Zotero-intern identifikator, t.d. ITMKBABS.

Difor endra eg litt på LyZ – Firefox-utvidinga som integrerer Zotero med LyX – slik at me kan få ut ei BibTeX-fil kor nøklane er i dette uleselege Zotero-format. Heldigvis viser LyX meir eller mindre korleis siteringane kjem til å sjå ut i den endelege PDF-en så det gjer ikkje så mykje at nøklane er så rare. (I tillegg trur eg LyZ kan konvertera alle nøklane i eit LyX dokument i ettertid, til noko meir leseleg, men det har eg ikkje prøvd.)

Viss du vil prøva dette kan du lasta ned1:

Du kan køyra writer2latex.jar slik:

$ java -jar writer2latex -latex -config=zotero.xml Dokument.odt Dokument.tex

Så kan du importera Dokument.tex som LaTeX frå LyX-filmenyen (evt. køyre kommandoen tex2lyx Dokument.tex).

Opna lyz.xpi i Firefox, dette installerer den endra LyZ-utvidinga. Så må du omstarta Firefox, og under LyZ-innstillingane skriv du writer2latex for «Cite Key» («LyXPipe» skal vera det same som i LyX-innstillingane). For å leggja alle Zotero-referansane inn i éi BibTeX-fil kan du merkja alt i Zotero, og så velje «Cite in LyX» frå LyZ-menyen. Denne siteringa kan du så sletta frå LyX, men du må gjera det minst ein gong for at alt skal komme inn i bib-fila. Om det er første gong du køyrer LyZ får du spørsmål om kva for bib-fil du vil nytta, denne må du sjølvsagt leggja til i LyX (Set inn->Ulike lister->BibTeX-litteratur).

Om du skal konvertera fleire dokument, og alle nyttar same bibliografi (bib-fil), kan du jo laga eit skript som du kan opna odt-filer med for å laga ei LyX-fil automatisk, med bibliografien lagt til.

Og heilt til slutt, BibTeX-eksporten frå Zotero/LyZ taklar ikkje bokstaven «ø» enno… på denne sida finn du ei fil som gir litt betre BibTeX-eksport.


Viss nokon er interessert i kjeldekoden til dette, så ligg alt på

Fotnoter:

1 Den siste er ei konfigurasjonsfil til Writer2LaTeX. Siteringskommandoane til denne utgåva av Writer2LaTeX krev nemleg LaTeX-pakka natbib (sidan eg ikkje veit korleis ein får alle siteringstypane utan dette), i tillegg har eg lagt dei opphavlege reintekst-siteringane i kommentarar for at ein lett skal kunne kontrollera at alt gjekk greit for seg, som krev pakka verbatim. Konfigurasjonsfila sørgjer for at desse pakkene blir lasta. (Det er ganske mykje anna ein kan fikse på i konfigurasjonsfilene til Writer2LaTeX, sjå handboka. Eg nyttar t.d. denne fila for å ignorera harde mellomrom og slikt.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s