Ny utgåve av nynorsk–bokmål i Apertium

Eg lasta just opp ei ny utgåve av nynorsk–bokmål-språkparet i Apertium, du kan òg prøva det på apertium.org frå og med no. Det er snart fem år sidan sist gong, så det var vel på tide. Eg trur ikkje det er dei heilt store endringane i kvaliteten, utanom at me har lagt inn eit par fleire ord og retta nokre småfeil – hovudsakleg funne og rapportert av brukarane våre🙂

Forskjellane er helst på utviklarsida: Datafilene er no omorganisert slik at dei einspråklege filene er i eigne pakker, for å unngå at andre språkpar mot dei same språka må ha sine eigne nesten-identiske kopiar av ordbøker og liknande. Dette er noko eg har jobba av og på med ein stund, sidan det kravde eit par endringar i byggsystemet i Apertium og at me tilpassar dei einspråklege ordbøkene til språkparet ved FST-kompilering. Til gjengjeld er det noko som alle språkpar i Apertium kan ha nytte av (og alle nye språkpar er laga på denne måten; dei gamle krev litt manuelt arbeid først).

Elles er det litt kult at det nye omsetjingsverktøyet til Wikipedia (Content Translation) no gir omsetjingsforslag med hjelp av Apertium:

Det var jo litt motiverande. Kanskje på tide å sjå om ikkje me kan få noko ut av norsk–engelsk.

Eller ikkje. Vel, prøv gjerne nye nynorsk–bokmål og gi ein kommentar her eller på IRC om du finn fleire rare omsetjingar🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s