«Lemurbataljonen

Maskinomsetjing vs NTNU-eksaminator

Twitter-brukaren @IngeborgSteine fekk nyleg ein del merksemd då ho tvitra eit bilete av nynorskutgåva av økonomieksamenen sin ved NTNU:

Kreative nyvinningar som *kvisleis og alle dialektformene og arkaismane ville vore usannsynlege å få i ei maskinomsett utgåve, så då lurte eg på kor mykje betre/verre det hadde blitt om eksaminatoren rett og slett hadde brukt Apertium i staden? Ingeborg Steine var så hjelpsam at ho la ut bokmålsutgåva, så då får me prøva 🙂

Ingen kvisleis og fritt for tær og fyr, men det er heller ikkje perfekt: Visse ord manglar frå ordbøkene og får dermed feil bøying, teller blir tolka som substantiv, ein anna maskin har feil bøying på førsteordet (det mangla ein regel der) og at blir ein stad tolka som adverb (som fører til det forunderlege fragmentet det verta at anteke tilvarande). I tillegg blir språket gjenkjent som tatarisk av nettsida, så det var kanskje litt tung norsk? 🙂 Men desse feila er ikkje spesielt vanskelege å retta på – utviklingsutgåva av Apertium gir no:

Det er enno eit par småting som kunne vore retta, men det er allereie betre enn dei fleste eksamenane eg fekk utdelt ved UiO …