Ope brev til Tekna

Nyleg uttalte leiinga i fagforeninga Tekna at dei støtta innføring av datalagringsdirektivet i Noreg [PDF]. Eg kan ikkje hugsa å ha blitt spurt om mi meining i denne saka, og har heller ikkje høyrt at andre Tekna-medlem har fått høve til å uttala seg.

Datalagringsdirektivet inneber etter mi meining eit alvorleg overtramp av personvernet. Meir spesifikt kan det leia til svekking av kjelde-/varslarvernet (sjå m.a. Jon Wessel-Aas om dette) i tillegg til at innsamla data alltid kan misbrukast ulovleg; ingen system er perfekte. Sjølv medlemsbladet til Tekna kallar direktivet «farleg og ubrukeleg».

Eg kan ikkje vera medlem av ei fagforening som tek vedtak om ei såpass viktig sak utan ein meir demokratisk prosess. Om ikkje støtta blir trekt tilbake innan høringsfristen 12/4 2010 ser eg meg nøydt til å melda meg ut.

mvh,
Kevin Brubeck Unhammer

masterstudent i datalingvistikk og språkteknologi
Universitetet i Bergen