Søndag. Eg har hatt ein verkeleg nerdete søndag. La meg sjå…
- Eg lappa saman eit lite Ubiquity-skript (kode her, eller abonner her) for å henta originalstorleiken av eit flickr-bilete (sidan vennensin driv og hentar ned ørten teksturar til dagen), og i prosessen lærte eg meg å nytta jQuery.ajax med callbacks. Minte meg litt om Scheme-kurset eg tok for nokre år sidan.
- Når me er inne på Scheme, så oppdaga eg at Gimp ikkje ser ut til å ha noko menyval for å laga eit utval som dekkjer same område som eit lag. Vips, så var det gjort.
- Også har eg omsett meir på Audacity (bokmål) og NoseRub (nynorsk).
Men no er det på tide å lesa litt. Siste Granny-boka.