Søndagsdilling

Søndag. Eg har hatt ein verkeleg nerdete søndag. La meg sjå…

  1. Eg lappa saman eit lite Ubiquity-skript (kode her, eller abonner her) for å henta originalstorleiken av eit flickr-bilete (sidan vennensin driv og hentar ned ørten teksturar til dagen), og i prosessen lærte eg meg å nytta jQuery.ajax med callbacks. Minte meg litt om Scheme-kurset eg tok for nokre år sidan.
  2. Når me er inne på Scheme, så oppdaga eg at Gimp ikkje ser ut til å ha noko menyval for å laga eit utval som dekkjer same område som eit lag. Vips, så var det gjort.
  3. Også har eg omsett meir på Audacity (bokmål) og NoseRub (nynorsk).

Men no er det på tide å lesa litt. Siste Granny-boka.

https://i2.wp.com/upload.wikimedia.org/wikipedia/en/1/1b/Wintersmith.JPG